Robotklippar drep piggsvin
Bør ikkje bruke klipparen anna enn om dagen.
Mange har stor nytte av robotgrasklipparen, men for piggsvin kan klipparen føre til ein smertefull død.
Sophie Lund Rasmussen, som blir kalla «dr. Pindsvin» i Danmark, oppmodar alle om å sjekke at det ikkje ligg eit sovande piggsvin i graset før ein set roboten i gang. Ho har gjort ein studie på robotgrasklipparar og piggsvin, og ho har blant anna oppdaga det er stor skilnad på klipparane og kor stor skade dei gjer.
– Typen med fleksible knivar som faldar seg innunder ei verneplate når dei treff noko som er hardare enn gras, var minst farleg for piggsvina, fortel ho til NRK Vestland.
Det viktigaste rådet er likevel å la robotklipparen gå på dagtid, når piggsvina er vakne. Men ho er heilt klart på at vi er nøydde til å gjere noko for å verne piggsvina.
– Dersom vi vil bevare piggsvina i naturen, er vi nøydde å redusere farane dei vert utsette for, seier Rasmussen.
Den frivillige organisasjonen «Pinnsvinhjelpen» opplever ein auke i piggsvinskadane etter at robotgrasklipparane vart vanlege.
– Vi ser forferdelege skadar. Halve hovud som er skalperte, skadar ned til ryggbeinet, kraftige betennelsar og fryktelege sår med larvar i, seier Ingvild Fosse i organisasjonen.
Ho ber folk om å bruke robotklipparen når det er folk i nærleiken, og helst mellom klokka 10–14.
Publisert: 01.06.2022 17:57
Sist oppdatert: 01.06.2022 17:59