Kort fortalt

Rotevatn tek attval til Stortinget

Nordfjordeid-politikaren vil ha ein ny periode.

24.05.2024

(NPK-NTB): Sveinung Rotevatn (V) frå Nordfjordeid varslar i ein podkast torsdag at han stiller seg til disposisjon for ein ny periode på Stortinget frå Hordaland.

Seks av Venstres åtte stortingsrepresentantar har dermed varsla at dei søkjer attval.

Beskjeden kom i podkasten «Sikre kjelder i Venstre», der Rotevatn er fast programleiar med stortingskollega Ingvild Wetrhus Thorsvik og Oslo-politikar Kristin Dubland Marken.

Rotevatn var leiar i Unge Venstre frå 2010 til 2013, før han sat på Stortinget frå Sogn og Fjordane i perioden 2013 til 2017. Frå 2018 til 2020 var han statssekretær i to departement, før han vart klima- og miljøminister i mars 2020, eit verv han beheldt til etter valet i 2021. Rotevatn har vore nestleiar i Venstre sidan 2021.

(©NPK)

Publisert: 24.05.2024 07:12

Sist oppdatert: 24.05.2024 00:00

Mer om