NPK: Det er danna ei aksjonsgruppe som ein motreaksjon til vindparken Havsul 1, som skal reisast i eit viktig område for sjø- og havfugl i Møre og Romsdal.
Saka er først omtala av Vestlandsnytt.
Aksjonsgruppa, som kallar seg for «Runde mot Havsul 1 vindkraft», vart nyss starta opp på Runde i Møre og Romsdal. Dei protesterer mot dei 40 planlagde vindturbinane som skal verte til Havsul 1-vindkraftverk utanfor Sandøy og Ona.
– Kjem denne vindparken, som ligg midt i sjøfuglane sitt matfat, kan det i sin neste konsekvens moglegvis vere spikaren i kista for fuglefjellet Runde, seier leiar for den nye aksjonsgruppa, Kaja Runde, til .
Ved sida av konsekvensane vindparken kan få for fuglane, er gruppa også kritiske til kva den kan få å seie for fisken og fiskenæring, skriv .
Avisa at Norsk Ornitologisk Forening (NOF) tidlegare i år gjekk hardt ut og åtvara om at vindparken er ein dårleg idé, ettersom den vil råke eit viktig matfat som sjø- og vassfuglar oppsøkjer i hekketid, trekktid og på vinterhalvåret.
Ifølgje Sunnmørsposten var NOF allereie i 2009 ute med ei åtvaring.
Saka skal diskuterast og informerast om under eit møte på Runde Miljøsenter torsdag komande veke.

Publisert: 08.11.2019 13:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32