Kort fortalt

Russisk kaptein fekk farleibevis

Losane sa nei, Kystverket sa ja.

NPK
01.04.2022

Ingen losar ville vere eksaminator slik at den russiske kapteinen kunne få farleibevis. Dermed måtte Kystverket gi han beviset utan bestått eksamen.

Etter at Russland invaderte Ukraina, er det skrive ut fire nye farleibevis og ei ukjend mengde utvidingar til russarar, opplyser Kystverket til Bergens Tidende/E24. Ei av utvidingane vart innvilga førre veke, men først etter fleire mislykka forsøk, ein boikott og ein snuoperasjon.

Det var bergensreiarlaget Wilson som søkte om å utvide farleisbeviset for ein av dei russiske kapteinane sine, slik at han kunne segle større delar av norskekysten utan å ta om bord los. Kystverket svarte at kapteinen måtte ta farleisprøve.

Men kapteinen på Wilson-skipet fekk aldri teke prøva. Den første førespurnaden, send to dagar etter at Russland invaderte Ukraina, vart avvist på grunn av kapasitet. Deretter var grunngjevinga at det ikkje var nokon eksaminator tilgjengeleg. Bakgrunnen var ifølgje BT/E24 at losane som kunne vere aktuelle som eksaminatorar, boikottar farleiprøver for russiske statsborgarar.

Den russiske kapteinen fekk likevel utvida farleibeviset etter at Kystverket kom fram til at det ikkje var nødvendig med prøve likevel.

Farleibevisordninga er så langt ikkje påverka av sanksjonane mot Russland. E24 har tidlegare skrive at 253 russarar har farleibevis i Noreg. Fleire politikarar har hevda at Russland kan misbruke dette for å hente etterretningsinformasjon.

Publisert: 01.04.2022 11:58

Sist oppdatert: 01.04.2022 12:00

Mer om