Kort fortalt

Rådhuset i Vestnes stengt etter truslar

Ein person meldt for grove truslar.

16.09.2022

Truslar fører til at rådhuset i Vestnes blir halde stengt for besøkjande utan avtale.

Det melder Vestnes avis. Ordføraren har meldt ein person for grove truslar, sjikane og trakassering, skriv VG. Grunnen til at rådhuset blir stengt, er frykt for tryggleiken til dei tilsette.

Ordførar Randi Bergundhaugen sa på kommunestyremøtet torsdag at det er ein pågåande trusselsituasjon.

– Det er ikkje greitt at offentlege tenestemenn blir trua og trakasserte, og ikkje kjenner seg tryggje på jobb, seier ordføraren til VG.

Publisert: 16.09.2022 08:02

Sist oppdatert: 16.09.2022 08:04

Mer om