Kort fortalt

Rører ikkje reiarlag-skatten

Vedum legg skatteframlegg i skuffa.

21.03.2023

NPK-NTB: Reiarlagsskatten, som sikrar norske reiarlag skattefritak for skipsfartsinntekter, skal behaldast, lovar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Han legg dermed forslaget frå Torvik-utvalet i skuffa. Eit fleirtal i utvalet, som like før jul lanserte ei rekkje skattegrep, går inn for å fjerne reiarlagsskatten.

– Ikkje bekymre dykk for det. Vi kjem ikkje til å gjere det, sa Vedum då han snakka til Rederiforbundets årskonferanse tysdag ettermiddag, skriv Dabladets Børsen.

Reiarlagsskatten gir reiarlaga ein årleg skattefordel på 3,8 milliardar kroner, ifølgje avisa.

Slik reiarlagsskatteordninga er bygd opp i dag, er reiarlagsselskap som kvalifiserer for ordninga, friteke frå inntektsskatt på skipsfartsverksemda.

Netto finansinntekter blir skattlagt, i tillegg til at det skal betalast ein moderat årleg tonnasjeskatt basert på nettotonnasjen på skipet.

Publisert: 21.03.2023 14:54

Sist oppdatert: 21.03.2023 14:59