Kort fortalt

Endra reglane for nautikk-utdanning

Regjeringa ønskjer fleire søkjarar.

12.11.2024

NPK-NTB: Regjeringa vil bidra til at fleire søkjar seg til nautikkutdanning ved å gjere tilpassingar i tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk.

Regjeringa opplyser i ei pressemelding at det tilpassingane blir lagde til rette for at utdanning og praksis er eit samanhengande løp – og at dette gjer det lettare for reiarlag å ta imot studentar.

– Når vi utdannar morgondagens sjøfolk, er både teori og praktisk erfaring viktig. Det er tydeleg at eit samanhengande utdanningsløp er attraktivt, og det at studentane har dette tilbodet kan ha ein positiv effekt på rekrutteringa til maritim næring. Det er det viktig for meg å støtte opp om, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).

I 2022 etablerte Høyskolen på Vestlandet eit pilotstudieprogram i nautikk der praksistida inngår i studieløpet i staden for at praksistida kjem etter studiet. Det vart godt teke imot av studentar og reiarlaga.

For at desse studieplassane kan anerkjennast som opplæringsstillingar, vart det gjort ei mellombels tilpassing i kravet om opplæringsstillingar i tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk. No blir denne tilpassinga forlengd, slik at ho også gjeld kullet med oppstart 2025.

Publisert: 12.11.2024 07:47

Sist oppdatert: 12.11.2024 08:28