Stålegg Hunter
FALL OVERBORD: Den latviske fiskaren fall overbord og omkom frå snøkrabbebåten Hunter (tidligere Stålegg) i fjor. Foto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Sakna fiskar er identifisert

Mann frå Ålesund-båt har vore sakna i over eitt år.

Marius Rosbach
22.04.2024

(NPK-NTB-NETT.NO): Det var latviske Romans Solovjovs (38) som vart funnen død av mannskapet på eit fiskefartøy søraust for Svalbard 12. april. Han hadde vore sakna i over eitt år.

Solovjovs vart meldt sakna til politiet etter melding om mann-over-bord på snøkrabbebåten Hunter. Fartøyet er eigd av Ålesund-rederiet Havøy Kystfiske, og var på krabbefiske utanfor Svalbard 30. januar 2023 då ulukka skjedde.

– Troms politidistrikt har identifisert avdøde og pårørande er varsla. Det ligg ikkje ein endeleg obduksjonsrapport føre, men det blir opplyst at dødsårsak er drukning, opplyser politiet i ei pressemelding.

Statens havarikommisjon bad om strengare krav til både reiarlag og Sjøfartdirektoratet etter at dei hadde undersøkt ulukka. Ifølgje rapporten forseinka språkproblem redningsarbeidet og det mangla fysiske barrierar mot fall over bord.

Austevoll-reder Ola Christian Olsen tok nyleg kontroll som styreleiar i kriseramma Havøy Kystfiske. Dei to båtane deira «Hunter» og «Sea Hunter», vart i fjor lagt til kai av Sjøfartsdirektoratet etter at det ble avdekka sikkerhetsavvik.

Publisert: 22.04.2024 12:50

Sist oppdatert: 22.04.2024 13:18

Mer om