Kort fortalt

Salmar med milliardoverskudd

Er no nest størst i verda på atlantisk laks.

22.02.2023
(NPK-NTB): Salmar hadde eit operasjonelt driftsresultat på 1 milliard kroner i siste kvartal i 2022. Selskapet er no nest størst i verda på atlantisk laks. Resultatet er ein oppgang frå 890 millionar kroner i same kvartal året før.

Lakseselskapet foreslår eit utbytte på 20 kroner per aksje.

I kvartalsrapporten viser Salmar til at nye prosjekt er sett på vent på grunn av uvissa rundt forslaget om grunnrenteskatt i Noreg.

– Ikkje noko anna land har innført ein skatt av denne arten og på dette nivået på nokon del av matproduksjonen sin. Framleis er det uklart for oss kva rammevilkår vi har å ta omsyn til to månader inn i 2023, dette er uforsvarleg for ein av Noregs viktigaste eksportnæringar, seier konsernsjef Frode Arntsen.

Salmars oppkjøp av NTS, NRS og Salmonor vart fullført i siste kvartal 2022, og med det er Salmar nest største lakseprodusenten i verda.

(©NPK)

Publisert: 22.02.2023 09:10

Sist oppdatert: 22.02.2023 09:18

Mer om