Kort fortalt
Salmon Evolution-avtale for Møre Trafo
Transformatorar til oppdrettsanlegg.
Marius Rosbach
17.03.2021
Møre Trafo skal levere 11 transformatorar til Salmon Evolution sitt oppdrettsanlegg under bygging i Hustadvika, melder bedrifta på si heimeside.
Leveransen frå Møre Trafo skal skje i juni i år og har en verdi på 2,5 millionar kroner for Sykkylven-bedrifta. Leveransen går via Nettpartner Prosjekt i Molde som er Møre Trafo sin kunde.
Bygginga av landanlegget på Indre Harøya blei starta opp i fjor, og første byggetrinn vil ha kapasitet til å produsere kring 9000 tonn laks i året.
Publisert: 17.03.2021 17:39
Sist oppdatert: 17.03.2021 17:43