Kort fortalt

Salsrekord for nye hytter i fjor

Hytteprodusentane forventar vidare vekst.

21.01.2022

Etter eit år med rekordhøgt sal av nye hytter forventar hytteprodusentane vidare vekst i 2022 for sal og nybygging.

I 2021 vart det seld 7.205 nye fritidsbustader, noko som er 17 prosent fleire enn året før. Det viser tal frå Boligprodusentenes Forening for sal og igangsetjing av nye fritidsbustader, skriv Dagens Næringsliv.

– Det betyr at fritidsbustadmarknaden no er større enn småhusmarknaden, seier administrerande direktør Per Jæger i Boligprodusentenes Forening til avisa.

I same periode vart det seld 5.349 nybygde småhus. Det er ein nedgang på 10 prosent frå 2020. Salet av nye einebustader fall med 3 prosent til 6.629.

I året som gjekk starta bygginga av 5.631 nye fritidsbustader, meir enn 35 prosent over igangsetjinga i 2020. Selskapa FH Gruppen, Saltdalshytta, Tinde Hytter, Norgeshus og Blink Hus er dei fem største hytteprodusentane og ser for seg framleis vekst.

– Vi hadde ein vekst på 12 prosent for igangsette hytter frå 2020 til 2021, og vi forventar at vi kjem til å vekse 50 prosent til i år, seier konsernleiar Anders E. Nybø i FH Gruppen.

Publisert: 21.01.2022 07:08

Sist oppdatert: 21.01.2022 07:09