Kort fortalt

Samarbeid Hurtigruten og Kystruten

Kystruteavtale for 2021-2030 i hamn.

NPK
28.09.2021

Havila Kystruten AS skal betene fire ruter medan Hurtigruten Cruise AS skal betene sju ruter i den nye avtalen om kystruta Bergen-Kirkenes frå 2021–2030.

Det skriv Samferdselsdepartementet.

Dei to leverandørane har inngått ein samarbeidsavtale som skal sikre at oppdraget blir gjennomført til det beste for brukarane av transporttenestene på kystruta, og at tenesta står fram som så einskapleg som mogleg.

Avtalane er inngått for perioden 2021–2030 med opsjon om å forlenge avtalen med eitt år. Den totale kontraktsummen er på til saman 788 millionar kroner i året.

Publisert: 28.09.2021 14:42

Sist oppdatert: 28.09.2021 14:43

Mer om