Kristin Skogen Lund Schibsted foto Terje Pedersen NTB
VEKST: Kristin Skogen Lund og Schibsted legg seinare tysdag fram rekneskapstala for andre kvartal. Driftsresultatet auka frå 289 millionar kroner i andre kvartal i fjor, til 362 millionar kroner i år. Foto: Terje Pedersen / NTB
Kort fortalt

Schibsted-auke i andre kvartal

- Eit solid kvartal, seier konsernsjefen.

18.07.2023

Schibsteds brutto driftsresultat for andre kvartal i år enda på 670 millionar kroner, opp frå 620 millionar kroner i same periode i fjor.

Omsetninga auka til i overkant av 4 milliardar kroner, mot 3,9 milliardar kroner i andre kvartal i 2022, opplyser mediekonsernet i ei børsmelding.

Av dette kom 2,9 milliardar kroner frå digitale flater, mot 2,7 milliardar i same periode i fjor.

Driftsresultatet enda på 362 millionar kroner, opp frå 289 millionar kroner i andre kvartal 2022.

– Med bakgrunn i den eksisterande makroøkonomiske situasjonen har Schibsted levert eit solid kvartal, seier konsernsjef Kristin Skogen Lund i børsmeldinga.

Betre lønnsemd
Mediekonsernet Schibsted inkluderer mellom anna Aftenposten, VG, E24, Stavanger Aftenblad, Aftonbladet og Svenska Dagbladet i Sverige.

I januar i år varsla Schibsted at dei ville kutte kostnadene med 500 millionar kroner innan utgangen av 2024. Kutta vil spesielt gå ut over News Media-avdelinga, spesielt papirverksemda.

I andre kvartal har lønnsemda i denne divisjonen vorte stor forbetra, viser tala. Kristin Skogen Lund meiner at dette viser at kostnadskutta har byrja å gi resultat.

Forbetra driftsresultat
Bruttoresultatet i News Media-divisjonen er forbetra frå minus 28 millionar i fjor, til minus 4 millionar kroner i andre kvartal i år.

Omsetninga har gått tilbake med 1 prosent, frå 1,96 milliardar i andre kvartal, i fjor, til 1,93 milliardar i år, drive av fall i både annonsar, sal og abonnement.

(©NPK)

Publisert: 18.07.2023 09:22

Sist oppdatert: 18.07.2023 09:22

Mer om