Kort fortalt

Segel satsar vidare med nye eigarar

Innovasjonsselskapet Tinkr kjøper alle aksjane i Segel.

23.05.2025

Segel er eit bedriftsrådgivningselskap med spesialkompetanse innanfor strategi- og forretningsutvikling, marknadsutvikling og internasjonalisering, innovasjon og prosjektleiing. Selskapet har kontor på Nordfjordeid og i Ålesund. 

No har innovasjonsselskapet Tinkr kjøpt alle aksjane: 

– Målet med oppkjøpet er å vidareføre Segel sin sterke posisjon i regionen, samstundes som Tinkr skal tilføre ny kompetanse innan berekraftig utvikling, skriv Segel på si nettside. 

For å vere til stades lokalt og møte behovet for kompetanse innan havbruksnæringane, planlegg selskapa å utvide laget i Nordfjord. 

–  Vi ser etter engasjerte folk som vil utgjere ein forskjell. I Nordfjord treng vi fleire personar som kan hjelpe næringslivet og organisasjonar med å finne nye løysningar på miljø- og samfunnsutfordringane vi står ovanfor, seier Rune Schanke Eikum i Tinkr. 

Publisert: 23.05.2025 12:54

Sist oppdatert: 23.05.2025 12:54