Kort fortalt

Listhaug seier frå seg odelen

Sylvi Listhaug blir ikkje bonde.

09.03.2021

NPK-NTB: Framstegsparti-nestleiar Sylvi Listhaug førebur seg på livet på toppen av partiet. No gir ho opp draumen om å overta familiegarden.

– Eg kjem til å seie frå meg odelen på garden. Det var heilt frivillig, men tøft likevel. Det var jo ein draum som vart knust. Det er den staden eg er mest glad i på heile jorda, så eg kjem til å sikre at familien min har ein stad i nærleiken av garden i framtida, seier Frp-nestleiar Sylvi Listhaug til Dagbladet.

Publisert: 09.03.2021 08:11

Sist oppdatert: 09.03.2021 09:42