(NPK-NTB): Bergensreiarlaget GC Rieber Shipping seier opp 66 fast tilsette sjøfolk og erstattar dei med innleigd arbeidskraft.
Reiarlaget legg frå nyttår ned sitt eige bemanningsselskap, melder .
– Vi synest det er sterkt beklageleg at marknaden tvingar oss til eit slikt tiltak, seier driftsdirektør Atle Sommer i GC Rieber Shipping.
Bergensreiarlaget har til no bemanna skipa sine med mannskap frå det heileigde dotterselskapet GC Rieber Crewing, i tillegg til innleigd personell. Men frå nyttår blir det slutt på det, og alle dei 66 som er fast tilsette på dei ni skipa reiarlaget driftar frå Bergen, mistar jobben. 55 av dei er norske.
– Det ligg ikkje til grunn at vi vil gi sluttpakker – det er ei verksemd som blir lagt ned grunna ein veldig vanskeleg marknad, og då held seg vi oss til det som er avtalt gjennom tariffavtalen, seier Sommer til Sysla. (©NPK)

Publisert: 22.09.2016 20:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44