Kort fortalt

Seks selskap vil lagre CO2

Vil behandle søknader før sommaren.

12.01.2023
(NPK-NTB): Olje- og energidepartementet har fått søknader frå seks selskap etter utlysinga av eit område i Nordsjøen for lagring av CO2.

Fristen for å søkje gjekk ut 3. januar. Dei seks selskapa er Aker BP, Altera Infrastructure Group, Horisont Energi, Neptune Energy Noreg, OMV (Noreg) og Wintershall Dea Norway.

– Eg er glad for den kommersielle interessa selskap viser for å få tildelt areal til lagring av CO2 i Noreg. Gjennom å leggje til rette for lønnsam, storskala CO2-lagring kan Noreg bidra både til at Europa når utsleppsmåla sine og til etablering av ei ny næring i Noreg, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) i ei pressemelding.

Han tek sikte på å ha ferdigbehandla søknadene slik at det kan tildelast areal før sommaren.

(©NPK)

Publisert: 12.01.2023 08:21

Sist oppdatert: 12.01.2023 08:22

Mer om