Kort fortalt

Selde laks ueigna som menneskemat

Mattilsynet varsla etter intern gransking.

01.02.2024

(NPK-NTB): Ei intern gransking hos Pure Norwegian Seafood viser at selskapet i ei årrekke har selt laks som ikkje eignar seg som menneskeføde. Mattilsynet er varsla.

I ei pressemelding frå Pure Norwegian Seafood (PNS) heiter det at styret har gjennomført ei omfattande, uavhengig gransking av mistankar om uregelmessigheiter i salet av frosen laks.

Granskinga konkluderer med at selskapet i ei årrekke har selt frosen laks som etter det norske regelverket ikkje eignar seg for «humant konsum», heiter det i pressemeldinga.

Totalt skal det dreie seg om rundt 500 tonn med laks.

– Det mest alvorlege er etter vår vurdering at granskinga avdekkjer systematisk og skjult sal av laks som ikkje skulle gått til humant konsum. Bestemde kundar har på førespurnad fått kjøpe frosen laks som er sjølvdød, skadd, kjønnsmoden eller såkalla golvfisk, seier styreleiar Helge Kvalvik i PNS i pressemeldinga.

Ifølgje Kvalvik er det ingen indikasjonar på at nokon har fått påverka helsa si av den frosne laksen.

– Denne aktiviteten har vorte halden skjult. Verken styret i PNS, Måsøval som leverandør eller revisor har oppdaga det før, seier Kvalvik.

To personar har vore suspenderte sidan det vart fatta mistanke.

Granskinga peikar på rundt 20 moglege kundar i europeiske land, inkludert i Noreg. Det har ikkje vore mogleg å fastslå kvar sluttprodukta har enda opp.

Mattilsynet vart varsla om saka i november og har no fått overlevert granskingsrapporten.

(©NPK)

Publisert: 01.02.2024 12:18

Sist oppdatert: 01.02.2024 12:18

Mer om