Nordic
VALDERØYA: Stor salsvekst for Nordic Wildfish Sales frå 2021 til 2022. Foto: Nordic Wildfish
Kort fortalt

Selde meir fisk frå Valderøya

Nordic Wildfish Sales selde fisk for 666,2 millionar kroner i 2022.

17.03.2023

Valderøy-selskapet har samarbeid med Nordic Wildfish og Roaldsnes, og er eit salsselskap for sjøfrosen kvitfisk.

Omsetninga steig få 474,9 millionar kroner i 2021 til 666,2 millionar i fjor, men utan at resultatet før skatt vart betre.

Selskapet hadde ved årsskiftet sju tilsette. Eigenkapitalen er på 40,4 millionar kroner, og den langsiktige gjelda på 13,3 millionar.

Roaldsnes-familien er eigarar, med Jon Hallvard og Anja Roaldsnes som dei største. Medeigarar er også Solveig, Helen, Jan Harald, Harald og Pål Arne Roaldsnes.

Nordic Wildfish Sales
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 666,2 474,9
Driftsresultat 14,6 13,6
Resultat før skatt 10,5 10,8

Publisert: 17.03.2023 08:44

Sist oppdatert: 17.03.2023 08:55

Mer om