Kort fortalt

Semje i meklinga for byggfaga

Ingen streik i byggebransjen.

10.04.2024

NPK-NTB: Fellesforbundet har vorte samd med NHO Byggenæring.

Det blir meldt om solid lønnsauke, heving av minstelønnssatsane og det som er starten på ein omfattande etter- og vidareutdanningsreform, frå Fellesforbundets side.

– Dette er ein god dag for bygningsarbeidarar i Noreg, og eg er aller mest fornøgd med totaliteten i oppgjeret for medlemmene våre, seier forhandlingsleiar for Fellesforbundet, Christian Justnes, i pressemeldinga.

Publisert: 10.04.2024 12:20

Sist oppdatert: 10.04.2024 12:20