Kort fortalt

Semje om makrellkvote for 2024

Men manglar avtale om fordelinga.

20.10.2023

NPK-NTB: Storbritannia, Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland er samde om kvoteavtale for makrellfiske for 2024. Han omfattar ein totalkvote på 739.386 tonn makrell.

– Det er eit viktig steg i rett retning at alle partane har vorte samde om ein totalkvote, men sjølv om vi har komme noko nærare kvarandre i løpet av året, er det framleis eit stykke igjen til ei løysing for fordeling av denne bestanden, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap).

Sidan partane ikkje har greidd å bli samde om ei prosentvis fordeling av makrellfisket, vil derfor desse forhandlingane halde fram etter nyttår.

Den førre avtalen gjekk ut ved slutten av 2020, og det har ikkje komme på plass ein ny avtale om makrellkvote sidan dette. Derfor har den samla makrellfangsten lege over anbefalt totalkvote dei siste åra, noko som likevel ikkje har trua makrellbestanden i særleg grad.

Publisert: 20.10.2023 13:37

Sist oppdatert: 20.10.2023 13:37