(NPK-NTB): Noreg, EU, Russland, Island og Færøyane har for første gong på to år blitt samde om totalkvotar for sild og kolmule. Men det som står att er å bli samde om fordelinga av uttaket neste år.
Partane har bestemt seg for å følgje råda frå havforskarane om ein total kvote for norsk vårgytande sild på 646.075 tonn. Dette er meir enn dobbelt så mykje som Det internasjonale råd for havforsking (ICES) tilrådde i år.
Sildelanda klarte ikkje å bli samde om totalkvote for 2016, men har til saman sett eigne kvotar i år på 376.612 tonn, noko som er 70.000 tonn over ICES-tilrådinga. For kolmule er det sett ein totalkvote på 1,3 millionar tonn. Russland er ikkje part i kolmuleforhandlingane.
Partane har også blitt samde om ein langsiktig plan for forvaltninga av kolmule, der ein stabilitetsklausul skal hindre store variasjonar frå år til år.
Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) seier seg svært nøgd med at det no er på plass avtaler for alle dei viktigaste fiskeslaga. Han strekar under at det framleis står att mykje arbeid før partane er heilt i mål.
– Det er framleis ikkje semje om kvotefordelinga. Dette blir det arbeidd vidare med, og målet er å få heilskaplege avtalar på plass, seier Sandberg. (©NPK)

Publisert: 28.10.2016 12:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43