Kort fortalt

Semje om å heve pensjonsalderen

Ligg an til fleirtal på Stortinget.

27.06.2022
(NPK-NTB): Det ligg an til fleirtal på Stortinget for å heve pensjonsalderen. Dei fleste partia er for ei endring, men Raudt og SV er skeptiske.

Auka pensjonsalder var eit av forslaga frå pensjonsutvalet som vart leidd av Kristin Skogen Lund. Dette og forslaget om å skjerme uføre mot pensjonskutt kan få politisk fleirtal, skriv Klassekampen.

– Mekanismane i pensjonsreforma gjer at fleire av oss skal jobbe lenger. Det at aldersgrensene blir flytta, betyr også at sosiale rettar blir utvida. Så vi er positive, seier Høgre-nestleiar Henrik Asheim.

Aps Tuva Moflag meiner forslaget kan sikre eit meir rettferdig pensjonssystem.

Delar av fagrørsla er skeptisk til å heve grensa for når ein tidlegast kan gå av med pensjon, og seier mange slit med å stå lenger i jobb. Denne innvendinga kjem også frå Raudt, som er tydelegast i motstanden mot forslaget frå utvalet.

– Det er lett for direktørane og professorane i utvalet å jobbe lenger, men for vanlege arbeidsfolk kan det bety at dei blir pressa ut i uføretrygd før dei når pensjonsalderen, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes, som meiner forslaget er usosialt.

Fungerande leiar i SV Kirsti Bergstø fryktar også at dei som har tunge yrke, kan bli «straffa fordi juristar eller prestar lever lenger».

Ifølgje Klassekampen er alle partia positive til ei eller anna form for skjerming av uføre, som i dag ikkje held fram pensjonsoppteninga etter at dei fyller 62 år.

(©NPK)

Publisert: 27.06.2022 08:09

Sist oppdatert: 27.06.2022 08:11

Mer om