Senterpartiet set ned nytt EU-utval
Skal forbetre og fornye kunnskapen og argumenta mot EU.
– Det har vorte sagt at den nye situasjonen i verda gjer det rett å gå inn i EU, eller at tryggingspolitikk gjer EU meir aktuelt. Det meiner vi er feil, seier nestleiar Anne Beate Tvinnereim i Sp til Klassekampen.
Mandatet frå utvalet er mellom anna å skolere partiapparatet og å bidra til ein offentleg debatt om EU det neste året. Det strategiske målet er å sikre at det aldri skal komme nokon norsk EU-søknad.
Det er Tvinnereim som leier arbeidet til utvalet. Medlemmene i utvalet er mellom anna nestleiaren i Nei til EU, Erlend Kvittum Nytrøen, og statssekretær Marie Lamo i Forsvarsdepartementet.
Sist gong avisa hadde ei meiningsmåling om EU, svarte 56 prosent av dei spurde nei til norsk EU-medlemskap, 33 prosent svarte ja. Ei meiningsmåling frå Altinget i februar viste liknande tal, då svarte 51 prosent nei, medan 31 prosent svarte ja. 16 prosent hadde ikkje gjort seg opp noka meining.
(©NPK)
Publisert: 20.07.2023 09:17
Sist oppdatert: 20.07.2023 09:17