Kort fortalt

Ser ingen klar Støre-arvtakar

Trond Giske leier så vidt blant dei som har bestemt seg.

20.04.2023

To av tre veljarar svarar veit ikkje når dei blir spurde om kven dei meiner bør overta som leiar i Arbeidarpartiet når Jonas Gahr Støre ein dag går av.

Men blant dei som har bestemt seg, leier Trond Giske så vidt. Det viser tal Norstat har henta inn på vegner av Dagbladet og Vårt Land.

Spørsmålet som er stilt er ope og lyder: «Kvem meiner du bør bli Arbeidarpartiets neste leiar etter Jonas Gahr Støre?».

I alt 9 prosent av dei spurde veljarane seier at dei meiner Trond Giske bør overta som Ap-leiar. Brote ned på kjønn viser tala at 13 prosent av mennene støttar Giske, men berre 4 prosent av kvinnene seier det same.

Hakk i hæl følgjer Hadia Tajik, der 8 prosent meiner ho bør overta for Støre ein dag. Like bak Tajik følgjer Tonje Brenna, som blir føretrekt av 7 prosent. Berre 2 prosent peikar på Oslos byrådsleiar Raymond Johansen og 1 prosent vil ha Jan Christian Vestre.

Halvparten av dei 124 Ap-veljarane som er spurde, svarer «veit ikkje».

Blant Ap-veljarar som har ei meining, er det dødt løp mellom Tonje Brenna og Hadia Tajik, som blir nemnd av høvesvis 25m9 og 25,7 prosent kvar. Deretter følgjer Trond Giske, som blir nemnt av 19 prosent av Ap-veljarane som har ei meining om saka. Trond Giske sjølv vil ikkje kommentere målinga.

Heile 65 prosent av dei Norstat har spurt svarar «veit ikkje» på spørsmålet om kven som skal overta Arbeidarpartiet når Støre gir seg.

Arbeidarpartiet skal velje partileiinga under landsmøtet sitt 3–5. mai på Folkets Hus i Oslo.

Målinga vart gjennomført frå 12. til 15. april. Den har 989 respondentar.

Publisert: 20.04.2023 09:11

Sist oppdatert: 20.04.2023 09:11

Mer om