Kort fortalt

Ser små mulegheiter i berekraft

Det meiner dei fleste norske bedrifter.

11.11.2019
NPK: 80 prosent av norske bedrifter trur ikkje det er forretningsmoglegheiter i berekraft, ifølgje ei undersøking frå Nordea.
Nordea har gjennomført ei undersøking om berekraft blant 2145 bedrifter i Norden, med eit breitt utval av små, mellomstore og store bedrifter. I Norge har 530 bedrifter svart.
– Det er litt skuffande, særleg at bedriftene oppgir at klimautfordringane ikkje er hovuddrivaren, men heller omdømme, kundeetterspurnad eller rekruttering av tilsette, seier leiar for bedriftsmarknaden Jon Brenden i Nordea til
Delen bedrifter som meiner berekraft er viktig, er på 55 prosent i Noreg. I Sverige er delen 66 prosent og i Finland 75 prosent. Danskane er på botnen med 42 prosent.

Publisert: 11.11.2019 15:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32