Bilde 1 f15bbfde3dc1a14012b0b5f628033328
LANG HORISONT: Havyrad Leirvik har oppdrag til desember 2026 med å bygge fire ferjer for Norled. Illustrasjon: LMG
Kort fortalt

Sikra seg ferje nummer fire

Norled bestiller si fjerde ferje frå Havyard Leirvik.

22.02.2024

I januar var alle formalitetane på plass i avtalen mellom Norled og Havyard Leirvik om å bygge tre ferjer. No har ferjereiarlaget erklært opsjonen også på ei fjerde ferje frå verftet.

Den siste av dei fire ferjene skal leverast i desember 2026.

Då NETT NO skreiv om kontrakten på dei tre første ferjene rett før jul i 2023 var det snakk om ein kontrakt på over ein miliard. Med utvidinga av avtalen til fire ferjer skriv nettavisen Kystens Næringsliv det er snakk om oppdrag for rundt 1,5 milliardar kroner.

Ferjene blir 84,5 meter lange og 15 meter breie, med plass til 60 bilar og 250 passasjerar. Dei skal kombinere diesel- og batteri som energikjelde.

Dei skal trafikkere sambandet «Stokkevågen - Lovund, Stokkevågen - Træna» frå og med 2027, og er designa av LMG i Bergen.

Publisert: 22.02.2024 13:32

Sist oppdatert: 22.02.2024 13:33

Mer om