Bilde 1
Illustrasjonsfoto: LMG
Nytt

Avtale om milliardkontrakt

Norled vil bygge tre ferjer hos Havyard. Verftet treng betydeleg fleire folk.

Havyard har signert intensjonsavtale med Norled for bygging av tre hybride batteriferjer. Avtalen inkludere også opsjon på eit tilsvarande fartøy.

Verftsdirektør Tor Leif Mongstad ved Havyard Leirvik fortel til NETT NO at avtalen skal styrebehandlast før det er ein fast avtale. I praksis vil det truleg vere ein formalitet.

Hybrid framdrift
Ferjene blir 84,5 meter lange og 15 meter breie, med plass til 60 bilar og 250 passasjerar. Dei skal kombinere diesel- og batteri som energikjelde.

– Dette er andre signeringa etter at vi fikk nye eigarar, og det gir oss ein glimrande start for vår satsing på nybygg. I tillegg vil det gi oss ei langsiktigheit som vi har lengta lenge etter. Vi set stor pris på den prosessen vi har fått vore ein del av saman med både Norled og LMG, og gler oss til samarbeidet, seier salssjef Silje Smådal i Havyard Leirvik i ei pressemelding.

Ferjene skal trafikkere sambandet «Stokkevågen- Lovund, Stokkevågen- Træna» frå og med 2027, og er designa av LMG i Bergen.

Treng fleire folk
Verftet treng betydeleg fleire folk for å ta unna oppdraga.

I dag er dei kring 70 tilsette. Det er nok til å handtere forprosjektet, men etter at skroga er ferdigbygd vil dei ha behov for fleire.

– Det gjer at vi har tid på oss til å bemanne opp. Vi ønsker å komme opp i 200 faste tilsette, fortel Tor Leif Mongstad til NETT NO.

Prosjektet blir det første samarbeidsprosjektet med dei nye eigarane i tyrkiske Tersan Shipyard, som kjøpte verftet frå Eqva (tidlegare Haryard Group) i haust og varsla at verftet skal byrje med nybygg igjen.

Publisert: 22.12.2023 11:19

Sist oppdatert: 22.12.2023 11:55

Mer om