Kort fortalt

Sikrar feriepengar for permitterte

Permitterte og ledige får feriepengar likevel.

29.11.2021

Ein av dei største budsjettflokane for den nye Ap-Sp-regjeringa er løyste når det no er semje om at permitterte og ledige skal få feriepengar til sommaren.

Regjeringa til Jonas Gahr Støre (Ap) har fått hard kritikk for at dei ikkje sette av pengar til feriepengar til folk som vart permitterte eller mista jobben i koronakrisa.

I samband med semja med SV om endringane i statsbudsjettet har regjeringa fått dette på plass. Dermed kjem også regjeringa eit krav frå fagrørsla og venstresida i møte.

– Vi har sikra eit opplegg som gjer at det som gjaldt for folk som var ledige og permitterte i 2020, også vil gjelde i 2021. Vi finn 1,2 milliardar kroner pluss til dette, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Publisert: 29.11.2021 18:38

Sist oppdatert: 29.11.2021 18:40

Mer om