(NPK): Trass i hundre års gytevandring til Møre, flytta den største sildebestanden i verda brått til Lofoten i 2021. No veit forskarane kvifor.
Forskingsresultata vart nyleg publisert i Nature, eit av dei mest anerkjende tidsskrifta i verda, fortel Havforskingsinstituttet på nettstaden sin:
– Det var for lite eldre fisk igjen til å visa ungsilda kvar ho burde gyta. Den nye generasjonen måtte improvisera, seier havforskar og førsteforfattar Aril Slotte.
Frå 2017 til 2022 var det nemleg eit overfiske av norsk vårgytande sild – og fiskeriet var særleg retta mot dei eldre fiskane. Samtidig vart ein stor sildegenerasjon frå 2016 kjønnsmoden.
Studien baserer seg på ein teori om at stimfisk blir leidd av individ med lang erfaring. Nykommarane er avhengige av kompetanseoverføring. Når me fiskar selektivt på dei eldste individa, fjernar me dermed kollektiv kunnskap frå bestanden.
– Hadde meir eldre sild overlevd, ville gytinga sannsynlegvis framleis vore på Møre, seier Slotte til nettstaden.
Han ser ikkje bort frå at silda kan venda tilbake til Møre for å gyta.
– Om, viss, når me får ein ny superårsklasse, kan ting komma i spel igjen. Når bestanden aukar, har silda ein tendens til å breia seg ut over større område for å gyta. Då kan silda søkja mot betre vilkår på Møre igjen, seier Slotte.
Men det kan gå lang tid mellom dei skikkeleg store sildeårsklassane. Det er framleis silda som klekte i 2016 som dominerer bestanden. Dei utgjer over halvparten av all vaksen sild.
– Me har forhåpningar til silda som klekte i 2022, som skal bli kjønnsmode i løpet av 2026–2027. Me følgjer med i spenning.
(©NPK)
Publisert: 09.05.2025 18:09
Sist oppdatert: 09.05.2025 18:09





