Kort fortalt

Sildekvoten aukar neste år

Forhandlingar førte til avtale.

21.10.2025

(NPK-NTB): Færøyane, Island, Noreg, Russland og Storbritannia er samde om auka totalkvote for sild. Kvoten for 2026 blir 33 prosent større enn i år.

Forhandlingane mellom landa har skjedd i London måndag og tysdag.

– Kyststatane vart samde om å fastsetja ein totalkvote på 533.914 tonn for 2026. Dette er ein auke i totalkvote på 33 prosent frå 2025. Totalkvoten er i tråd med rådet frå Det internasjonale rådet for havforsking (ICES), heiter det i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

– Det er positivt at kyststatane er samd om totalkvote for neste år, og gjennom bilaterale avtalar har me klart å redusera det faktiske fisketrykket på bestanden, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).

(©NPK)

Publisert: 21.10.2025 19:54

Sist oppdatert: 21.10.2025 19:54

Mer om