Kort fortalt

Singerheimen blir freda

Olden-institusjon vert freda.

NPK
27.10.2021

Den tradisjonsrike Singerheimen i Olden i Stryn blir freda av Riksantikvaren.

Eigedomen var opphavleg bustaden til den amerikansk mangemillionæren og kunstnaren William Henry Singer Jr. og kona Anna Spencer Brugh Singer og blir rekna som ein kulturskatt.

– Dette er eit unikt anlegg i norsk samanheng, seier riksantikvar Hanna Geiran til NRK.

Singer-paret slo seg ned i Olden i 1913, og budde dei første åra på Yris Hotell. Seinare bygde dei sin eigen residens «Dalheim» like ovanfor hotellet i Olden. Der flytta dei inn i 1921.

Etter at Singer og kona Anna døydde, vart eigedomen donert til fylket som rekreasjonsheim for sjukepleiarar. Seinare vart det oppretta ei stifting som fylkeskommunen styrer. Dalheim blir i dag kalla Singerheimen.

Publisert: 27.10.2021 11:58

Sist oppdatert: 27.10.2021 11:59