Kort fortalt

Sint stemning i sjarken

Misnøye blant fiskarar rundt nytt rapporteringssystem.

NPK
08.08.2022

NPK: Frå 1. juli i år vart ERS-forskrifta innført for fiskefartøy mellom 11 og 15 meter. Det betyr at fiskarar på relativt små båtar må ta omsyn til nye metodar for elektronisk rapportering av fangst- og aktivitetsdata, eit regelverk fleire no meiner er for vanskeleg for små båtar å handtere.

Det skriv NRK.

– Det seier seg sjølv at det ikkje blir lett for ein liten flåte med få personar om bord. Dei har no akkurat dei same krava om dokumentasjon som store flåtar med langt fleire om bord, seier fiskar Roger Hansen til NRK.

Han får støtte frå Norges fiskarlag, som fortel om fleire fortvila fiskarar.

Det nye regelverket gjer at fiskarar må nytte seg av elektroniske rapporteringssystem som er godkjende av Fiskeridirektoratet. Desse systema skal sikre at fiskarane mellom anna gir beskjed til Fiskeridirektoratet om når dei går til og frå hamn, estimerer fangst og gir informasjon om fangstoperasjonar.

Leiaren i Norges fiskarlag, Kåre Heggebø, gir Hansen langt på veg støtte i at det nye systemet er komplisert. Han peikar på at fartøya ofte opererer i veldig vanskelege område som krev mykje merksemd.

– Når du i tillegg då skal trykkje på ein mobil eller ein PC med kalde, våte fiskarfingrar, er det utfordrande.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran seier til NRK at innføring av regelverket er eit resultat av eit langt arbeid både av den noverande og førre regjeringa.

– Eg kan forstå at det kan opplevast krevjande, men vi må sjå det i drift over ei tid før vi kan evaluere om det er ei god løysing eller om vi må gjere endringar.

Publisert: 08.08.2022 15:05

Sist oppdatert: 08.08.2022 15:06