(NPK-NTB-Johan Falnes): Landbruksminister Jon Georg Dale besøkjer tysdag Brussel for å prøve å få EU til å gi Noreg eit unntak frå økoreglane.
– Det er eit siste forsøk på å få til ei løysing, seier Jon Georg Dale (Frp) før avreise til EU-hovudstaden.
Noreg har no krangla med EU i åtte år om reglane for økologisk landbruksproduksjon. Når Dale møter landbrukskommissær Phil Hogan tysdag formiddag, vil han be EU om å vise fleksibilitet.
Heilt konkret ønskjer Noreg eit unntak frå artikkel 11 i ei forordning om økologisk landbruksproduksjon frå 2008. Der heiter det at minst halvparten av golvet i stallbygningar for pattedyr skal vere fast. Fullt spaltegolv eller drenert golv er ikkje tillate.
Kravet frå Noreg er at spaltegolv framleis må bli tillate i sauedrift.
Dale fryktar at kostnadene ved økologisk produksjon vil gå for mykje opp viss sauebøndene må begynne å byggje om golva eller dekkje dei med halm.
Saka blei løfta til eit nytt nivå i sommar då det blei klart at økolaks frå Noreg hadde fått importstopp i Frankrike på grunn av striden om spaltegolv.
– Ei overgangsordning for laks gjekk ut 1. januar 2015. Etter dette har dei enkelte medlemslanda hatt moglegheit til å innføre sanksjonar. Det gjorde Frankrike i sommar ved å innføre forbod mot økomerking av norsk økologisk laks, forklarer administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge.

Publisert: 26.09.2016 16:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44