Morten Falch Aure kjem frå rolla som fabrikksjef hos Slettvoll Møbler og har tidlegare arbeidd hos Rolls-Royce Marine. Han byrjar i Sykkylven Stål 1. juni år, fortel rådgivingsselskapet Converto i ei pressemelding.
Karl Inge Rekdal, som er største aksjonær i Sykkylven Stål, og har vore dagleg leiar i 20 år, blir ny styreleiar. Dagens styreleiar, Gunnar Stein Hareide, held fram i styret som vanleg medlem.
Selskapet er inne i ei god utvikling og treng fleire fagarbeidarar framover, heiter det i pressemeldinga.
I 2023 omsette Sykkylven Stål for nær 70 millionar, som var ein nedtur samanlikna med året før. Rekdal fortalde til Nett No i fjor at dei sikta seg inn mot ei omsetning på 85 millionar kroner i 2024. Rekneskapen for fjoråret er ikkje offentleg enno.
Publisert: 24.02.2025 17:13
Sist oppdatert: 24.02.2025 18:13