Kort fortalt

Sjefsløner dreg i frå

6,9 prosent lønsauke i fjor.

13.02.2023

NPK-NTB: Administrerande direktørar i privat næringsliv hadde ein lønnsauke på 6,9 prosent i fjor, medan vanlege arbeidstakarar hadde ein lønnsvekst på 4,6 prosent.

Det er rundt 40.000 administrerande direktørar i Noreg, og dei ligg altså langt føre arbeidstakarane sine i lønnsutviklinga, viser lønnsstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Det er spesielt leiarar i privat sektor som dreg frå. Vi ser også at det er meir bruk av bonusar enn tidlegare som ligg bak, seier seniorrådgivar Knut Snellingen Bye i SSB til NRK.

For toppleiarar i det offentlege er auken mindre, 4,4 prosent. Dette er toppstillingar som direktør og fylkesdirektør. I det private er det mange daglege leiarar i bedriftene i landet som er i statistikken.

Ifølgje SSB har forskjellane mellom administrerande direktørar og vanlege lønnstakarar auka meir dei to siste åra enn tidlegare år.

Publisert: 13.02.2023 11:57

Sist oppdatert: 13.02.2023 16:34

Mer om