Sjeføkonom kritisk til ny renteheving
Rentemøte torsdag.
Torsdag skal det haldast nytt rentemøte i Noregs Bank. Frå tidlegare har det vorte varsla at renta skal hevast med 0,25 prosent, men sjeføkonomar i fleire bankar har den siste tida uttrykt at dei trur rentehevinga kan bli opptil dobbelt så høg.
Rentehevingane kjem i forsøk på å få ned inflasjonen, som har stige kraftig dei siste månadene.
Sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika-gruppa seier til Børsen i Dagbladet at han meiner fleire rentehevingar no er unødvendige, og viser mellom anna til at det ikkje er vekst i norsk økonomi. Samtidig stig Oljefondet markant i verdi på grunn av stigande rente.
– Eg trur marknader og politikarar ikkje heilt har teke innover seg kor vondt desse hevingane gjer, og kor unødvendig det er, seier han.
– Anten dei hevar med 0,25 prosentpoeng eller kva, så sprekk budsjettet til hausten. Oljepengebruken kjem til å stige kraftig, fordi folk ikkje finn seg i at dei skal få dårlegare råd når Noreg går så det grin, seier Andreassen.
Han foreslår i staden å heve inflasjonsmålet til 3 prosent i staden for 2 prosent, som er målet i dag.
(©NPK)
Publisert: 17.08.2022 10:14
Sist oppdatert: 17.08.2022 10:15