Onsdag kom skattelistene for 2024. Divisjonsdirektør Regine H Vastvedt i Skatteetaten seier deira tal viser at det framleis er stor interesse for tala. Det er mogleg å søke i skattelistene ved å logge deg inn via Skatteetaten sine nettsider.
Vastvedt fortel at det er ei vanleg misforståing å tru at tala i skattelistene er beløpet ein får i løn, eller fortel kor mykje formue du eig.
– Skattelistene viser ikkje kva du har i lønnsinntekt, men han fortel kva du har i netto inntekt. Dette er altså inntektene dine minus frådraga du har krav på. På same måte viser ikkje tala for formue kor mykje du har i banken, men kva for ein netto formue du har. Med andre ord: Det du eig minus gjelda du har, uttaler ho i ei pressemelding frå Skatteetaten.
Kring 200 medier mellom anna NRK Møre og Romsdal har søkt om innsyn og laga lister basert på tala.
Dei tre som hadde største skattbar formue i 2024 i Møre og Romsdal er:
1. Sigmund Wenaas frå Rauma med ei formue på 1,1 milliardar.
2. Egil Giørtz frå Ålesund med 910 millionar.
3. Ottar Vartdal frå Ørsta med 855 millionar.
Tala for skattbar formue avviker frå til dømes Kapital si rangering av landets rikaste, som tek utgangspunkt i anslått reell formue.
Dei tre som er oppført med høgast inntekt i fylket i fjor var:
1. Frode Hjellset frå Molde med 72,7 millionar kroner.
2. Ottar Vartdal frå Ørsta med 56,2 millionar.
3. Fredrik Aursnes som er registrert i Molde med 49,5 millionar.
Dei tre som har betalt mest skatt i fylket i fjor var i følgje lista:
1. Frode Hjellset frå Molde med 29,9 millionar kroner.
2. Ottar Vartdal frå Ørsta med 29,9 millionar.
3. Egil Giørtz frå Ålesund med 17,9 millionar.
Publisert: 03.12.2025 10:10
Sist oppdatert: 03.12.2025 10:10






