Sjå pressekonferanse om koronasituasjonen kl. 16
Sjå direktesending frå pressekonferanse klokka 16 (ekstern lenke)
Regjeringa held pressekonferanse om koronasituasjonen tysdag. Der er det venta at dei vil presentere kva for nasjonale tiltak som blir vidareførte.
Dei nasjonale tiltaka som vart innførte 25. mars, går ut ved midnatt natt til onsdag. Tiltaka inneber mellom anna skjenkjeforbod, karantenehotell etter unødvendige utanlandsreiser, råd om maks to på besøk og ein tometersregel på nasjonalt plan.
Statsminister Erna Solberg (H), kunnskapsminister Guri Melby (V), barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), helseminister Bent Høie (H), helsedirektør Bjørn Guldvog og avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI) vil delta på pressekonferansen.
(©NPK)
Publisert: 13.04.2021 11:06
Sist oppdatert: 13.04.2021 11:09