Erna solberg skjermdump stortinget april 2021 22
STORTINGET: Statsminister Erna Solberg orienterer Stortinget om planen for gjenopning av samfunnet. Skjermdump: Stortinget.no
Nytt

Set ikkje dato for gjenopning

Statsministeren la fram plan med fire trinn for gjenopning. Neste veke vil regjeringa vurdere om dei vil ta det første steget.

07.04.2021

Då statsminister Erna Solberg orienterte Stortinget om planen for ei gradvis gjenopning onsdag, understreka ho at målet er å gi meir stabile føringar for alle delar av samfunnet.

Følg direktesending frå Stortinget frå kl. 11.30 (ekstern lenke)

Samtidig påpeika ho at regjeringa ville sjå an smitteutviklinga, før det blir avgjort kva tidspunkt dei ulike delane av planen kan settast i verk.

– Dessverre er det framleis mye usikkerheit og den kan ikkje takast vekk med ein plan, sa Solberg.

Statsministeren viste mellom anna til at nye muterte variantar av viruset og graden av vaksinering, er mellom faktorane som gjer situasjonen usikker.

I neste veke vil regjeringa første vurdere om alle, eller delar av tiltaka som blei innført 25. mars, kan reverserast.

Det vil i tilfelle vere steg 1 av 4 med ein gradvis overgang (sjå oversikt under).

– Slik det ser ut no, med dagens utvikling av epidemien og tempoet for vaksinasjonen, vil det tidlegast vere mogleg å starte på det andre trinnet av gjenopningsplanen i siste halvdel av mai, heiter det i ei melding på regjeringen.no der detaljane går fram.

Før det blir aktuelt å gå vidare frå eitt trinn til eit anna, blir det gjort vurderingar ut frå tre sjekkpunkter:

  1. Smittesituasjon og sykdomsbyrde
  2. Kapasitet i helsetenesten
  3. Vaksinasjon

Vurderer innreiseordning
Neste veke vurderer regjeringa å utvide innreiseordninga for arbeidsreisande ytterlegare.

I dag gjeld ein søknadsbasert innreiseordning for arbeidsreisande. Folk med teknisk kompetanse som gjer arbeid som blir vurdert som strengt nødvendig, får reise inn til Noreg. Seinare har ho òg vorte justert til å omfatte andre nødvendige tenester og kompetanse.

– Vi vurderer å utvide ordninga ytterlegare neste veke. Det overordna målet er i første omgang å prioritere utanlandske arbeidstakarar som kan bidra til å gjere tapet av verdiskaping og jobbar minst mogleg innanfor dei rammene som følgjer av smittevernomsyn, sa Solberg i forklaringa for Stortinget.


Gjenopningsplanen er laga med utgangspunkt i råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Kring klokka 13 inviterer statsministeren til pressekonferanse om same tema ved statsministerens kontor.

Følg direktesending frå pressekonferansen frå kl. 13 (ekstern lenke)

Les dei fire trinna i planen under:

Hovudgrepa som regjeringa varslar i dei fire trinna:

Trinn 1

Det første, førebuande trinnet er å komme tilbake til det tiltaksnivået vi hadde før 25. mars. På det tidspunktet vart nye nasjonale tiltak innført for å handtere den stigande smitten i vekene før påske.

I trinn 1 vil regjeringa mellom anna vurdere å opne for:

* Inntil 5 gjester i private heim.

* Skjenking til klokka 22, med krav om matservering.

* Arrangement som berre samlar personar frå éin kommune, kan gjennomførast.

* Avstandstilrådinga blir endra tilbake til 1 meter.

* Inntil 100 personar på arrangement innandørs, som kultur- og idrettsarrangement, konferansar og gudstenester, der alle sit på faste tilviste plassar.

* Inntil 200 personar på arrangement utandørs, men 200 personar gonger 3 kohortar viss publikum sit i faste tilviste plassar.

Trinn 2

I trinn 2 vil regjeringa prioritere lettar for barn og unge og studentar. Men det vil òg komme lettar for dei breiare lag av befolkninga.

Slik det ser ut no, kan dette trinnet ifølgje statsministeren tidlegast komme i andre halvdel av mai.

I trinn 2 vil det:

* Bli opna for auka fysisk undervisning på universitet, høgskular og fagskular.

* For besøk i private heim blir det opna varsamt frå 5 til 10 gjester.

* For private arrangement i leigde lokale vil det bli opna for inntil 20 personar.

* Skjenkjetida blir utvida til klokka 24, og kravet om matservering blir fjerna.

* Arrangement kan gjennomførast med inntil 200 personar innandørs der alle sit på faste tilviste plassar.

* Barn og unge kan delta på arrangement og organisert trening innanfor kommunen. Innandørs vil det vere ei avgrensing på 100.

* For vaksne i breiddeidretten blir det gradvis opna for organisert trening både ute og inne, i grupper på inntil 20 personar. Helsestyresmaktene vil innan midten av april foreslå ein modell for gjenopning av breiddeidretten.

* Reiser innanlands kan gjennomførast.

* Rådet om å unngå reiser til utlandet blir halde oppe, med mindre reisa er strengt nødvendig. Det vil framleis vere strenge krav om karantene og testing for dei som kjem inn i landet.

* Det vil komme lettar for familiebesøk frå utlandet, både frå EØS-området og tredjeland. Regjeringa vil mellom anna vurdere opning for innreise for kjærastar og besteforeldre.

* Det vil òg komme lettar for prioriterte grupper med arbeidsreisande frå utlandet.

Ifølgje Solberg er det for tidleg å seie kva rammer som vil gjelde for feiringa av 17. mai. Dette vil regjeringa komme tilbake til i slutten av april.

I mai vil det òg komme svar om rammene for festivalar og andre arrangement som er planlagde til sommaren.

Trinn 3

I trinn 3 vil regjeringa vurdere lettar både i det private og det offentlege rommet, mellom anna ved å tillate at fleire samlast.

* Det blir opna for at ein kan ha 20 gjester heime, og 50 personar skal kunne møtast på private arrangement i leigde lokale.

* For offentlege arrangement vil det bli gjort eigne vurderingar som blir knytte opp mot eventuell bruk av hurtigtestar og koronasertifikat.

* Det blir normale skjenkjetider, men det vil framleis vere krav om registrering og god avstand mellom gjester.

* Regjeringa vil framleis ønskje at flest mogleg jobbar på heimekontor.

* I breiddeidretten for vaksne vil det bli vurdert å opne gradvis for seriespel og andre konkurransar.

* Barn og unge kan delta på arrangement og organisert trening på tvers av kommunegrensene.

* Toppidrettsutøvarar kan no drive tilnærma normal idrettsaktivitet.

* Det vil òg bli opna for meir utanlandsreiser, men med framleis krav til karantene og testing. Desse krava kan likevel bli endra frå slik dei er i dag. Også for reiser utanlands vil ein vurdere korleis koronasertifikata kan brukast.

* Det vil òg bli opna for meir normal arbeidsinnvandring.

Trinn 4

I trinn 4 vil mykje kunne vere tilnærma som normalt. Men det vil framleis vere krav til smitteverntiltak, avstand, at ein er heime når ein er sjuk eller i karantene, og det kan framleis vere behov for noko bruk av heimekontor, ifølgje Solberg.

Det betyr at det framleis kan vere avgrensingar knytt til store offentlege arrangement og breiddeidrett- og fritidsaktivitetar.

Det kan òg vere aktuelt med innreiserestriksjonar og krav om karantene og test for reisande frå enkelte område.

Publisert: 07.04.2021 11:38

Sist oppdatert: 07.04.2021 12:21

Mer om