Kort fortalt

Sjømat-investeringar for 40 mrd. på is

Store verdiar tapt etter lakseskatten blei lagt fram.

14.02.2023
(NPK-NTB): Investeringar på 40 milliardar er utsette, kansellerte eller nedskalert i havbruket etter at regjeringa foreslo den nye grunnrenteskatten, ifølgje Sjømat Norge.

– 40.000 millionar er eit stort tal, og konsekvensane blir merka hardast i dei små distriktssamfunna langs kysten vår der ringverknadene av investeringane er store. Mange stader er dei avgjerande, seier næringspolitisk leiar Peder Egseth i Sjømat Norge til Dagbladet/Børsen.

Nøyaktig korleis skatten blir innretta veit førebels ikkje næringa. Høyringsfristen for regjeringsforslaget gjekk ut på nyåret og Arbeidarpartiet og Senterpartiet sender over det endelege forslaget sitt til skatten i mars.

I mellomtida lever næringa i stor uvisse for korleis skatten blir innretta. Medan næringa ventar, blir investeringar lagde på is, blir utsette eller blir kansellerte.

Ei av dei siste investeringane som er stansa er Salmars to milliardars-utviding på Frøya.

Publisert: 14.02.2023 09:37

Sist oppdatert: 14.02.2023 09:39

Mer om