Kort fortalt

Sjømatnæringa krev straumpakke

Fryktar for arbeidsplassar.

14.03.2022

(NPK-NTB): Straumprisane har vorte ei ekstra belastning for fleire sjømataktørar, og no fryktar næringa at arbeidsplassar går tapt om dei ikkje får hjelp med rekningane.

I starten av februar i år vart regjeringa og SV samde om å gi 500 millionar kroner i straumstøtte til bønder som slit med høge straumrekningar. No krev Sjømatbedriftene ei liknande ordning for næringa si.

– Norsk sjømatindustri slit allereie med å få tilgang på nok råstoff med god kvalitet. I tillegg ser vi at ein aukande del av fisk fanga i Noreg, går rett ut på auksjon i Danmark. Dette skjer naturleg nok fordi fiskarane får betre betalt der enn her heime. Skyhøge straumprisar vil svekkje konkurransekrafta ytterlegare, seier direktør Robert Eriksson i Sjømatbedriftene.

Ifølgje Eriksson har inntil 30.000 arbeidsplassar i sjømatindustrien vorte flytta frå Noreg til Europa dei siste 25 åra, og han fryktar at endå fleire arbeidsplassar går tapt om næringa ikkje får støtte no.

Han viser til at det allereie er svært små driftsmarginar innan denne delen av næringa, og at dei høge straumprisane kan bli tua som veltar lasset.

(©NPK)

Publisert: 14.03.2022 15:31

Sist oppdatert: 14.03.2022 15:33

Mer om