(NPK): Klimautsleppa frå sjøtransport er mykje lågare enn utsleppa frå vegtransport, og utsleppa er berre halvparten så store som det ein har rekna med tidlegare.
Dette går fram av ein pilotstudie i regi av Statens vegvesen og Kystreiarlaga. Dei nye utrekningane er baserte på grundige livsløpsanalysar av heile transportkjeda og oppdaterte standardar for miljødeklarasjon, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.
Dei nye og meir presise analysane dokumenterer at sjøtransport kjem endå betre ut samanlikna med vegtransport enn det som er lagt til grunn i tidlegare utrekningar. Utslepp frå skip er mellom 30 og 45 prosent lågare samanlikna med dei gamle utrekningane, og for nokre fartøy er tala endå lågare.
Til dømes vil eit skip med 1500 tonn last som går 100 kilometer, ha eit CO2-utslepp på 5,5 tonn. Tidlegare ville utsleppa ha vore utrekna til 12,1 tonn.
– Dette er eit gjennombrot for meir rettferdige og presise klimarekneskap. No kan vi slå fast at skip, og særleg nyare og meir miljøvenlege skip, har eit betydeleg fortrinn framfor lastebilar når det gjeld utslepp per transportert tonn, seier Tor Arne Borge, administrerande direktør for Kystreiarlaga.
Pilotstudien er gjennomført i regi av Grønt Skipsfartsprogram.
Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland gler seg over dei nye tala. Statens vegvesen vektar utsleppskutt saman med pris ved tildeling av asfaltkontraktar. Dette har ført til halvering i CO2-utsleppa frå asfalt frå 2020 til 2025, særleg knytt til endringar i råstoff og produksjon.
– For at vi skal lukkast med utsleppskutt også innanfor transport av asfalt, er det viktig å dokumentere kva som verkar. Desse analysane viser at leverandørane våre vil tene på å investere i nye og meir klimavenlege fartøy, seier ho.
Den nye studien dokumenterer også at det er ein betydeleg klimagevinst ved å velje tradisjonelle dieseldrivne fartøy framfor lastebiltransport.
(©NPK)
Publisert: 22.10.2025 15:06
Sist oppdatert: 22.10.2025 15:06






