Skadeleg kopar frå oppdrett
Havforskingsinstituttet har undersøkt.
(NPK): Havforskingsinstituttet meiner at kopar frå fiskeoppdrett påverkar miljøet rundt anlegga negativt. Det skriv Havforskingsinstituttet på sine nettsider.
Mange oppdrettsanlegg impregnerer nøtene med kopar for å unngå at det byrjar å gro ulike organismar på dei. Problemet er at koparen etter kvart lek ut i vatnet.
– Sjøbotn under og rundt fiskeoppdrettsanlegg kan innehalda høge konsentrasjonar sidan koparen kan akkumulera over tid, seier forskar Bjørn Einar Grøsvik frå Havforskingsinstituttet.
No har forskarar sett på konsekvensane av høge koparnivå. Dei konkluderer med at kopar truleg påverkar marine organismar negativt. Blant anna fann dei skadar på skalet til blåskjel som har vore utsett for kopar. Dei trur òg at kopar kan redusera talet på artar som lever under og i nærleiken av oppdrettsanlegga.
(©NPK)
Publisert: 30.01.2023 13:36
Sist oppdatert: 30.01.2023 13:44