Kort fortalt
Skal bygge skule og barnehage
Peab K. Nordang med storkontrakt i Ørsta.
Marius Rosbach
09.03.2021
Måndag signerte Ørsta kommune og Peab K. Nordang kontrakt om bygging av ny skule og barnehage på Sæbø, ifølgje kommunen si heimeside.
Kontrakten med har ein verdi på 71,9 millionar kroner.
Rett over påske startar entreprenøren med detaljprosjektering parallelt med sanering og riving av det gamle skulebygget.
Nye Sæbø skule og barnehage skal byggast i massivt tre og etter planen stå ferdig 15. september 2022. Så skal noverande barneskulebygg renoverast og bli eit reint administrasjonsbygg, dette skal vere ferdig 16. mars 2023, heiter det i meldinga.
Publisert: 09.03.2021 10:55
Sist oppdatert: 09.03.2021 10:57