Kort fortalt

Skal forske på "haill"

Vil avkle fiskarmyte om sex og god fangst.

19.02.2019
NPK: Etter folketrua skal heit sex rett før fisketuren gi god fiskelykke, såkalla «haill» eller «hald». Den myten vil forskar Torunn Christiansen no komme til botns i.
Overlegen frå Øksnes i Vesterålen meiner «haill»-omgrepet ligg så djupt i den nordnorske folkesjela at det fortener å bli forska på. Prosjektet er ikkje utan glimt i auget, men har òg ei seriøs side, forklarer Christiansen til .
– Noko logikk ligg der. Seksuell aktivitet bidrar til betre kognitiv funksjon, slik at du tar klokare avgjerder. Det styrkjer både konsentrasjonen og hukommelsen. Og kloke val på ein båt vil vel vise seg i fangstdagboka, seier Christiansen til avisa.
No etterlyser ho nokon som vil finansiere studien, og dessutan frivillige forsøkspersonar, fortrinnsvis skipperar, både mannlege og kvinnelege.
Christensen ønskjer ikkje berre å undersøkje effektane av sex med kjærasten før fisketuren, men òg fangstresultata etter såkalla «sjøhaill» – det vil seie «haill» for eiga hand.

Publisert: 19.02.2019 14:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35