Kort fortalt

Skal lage ny havmiljølov

– Skal ta vare på og ta i bruk havet.

NPK
28.06.2022
(NPK): Ny havmiljølov vil byggje på naturmangfaldlova, og kan med det etablere verneområde ut til 200 nautiske mil.


– Når vi har fått på plass lova kan vi etablere vern i alt av havet Noreg forvaltar, seier Klima- og miljøminister Espen Barth Eide, til NRK.

Naturmangfaldlova gir anledning til vern av natur på hav botnen og i vannsøyla innanfor den norske territorialgrensa på 12 nautiske mil. Noreg forvaltar havområde ut til 200 nautiske mil.

– Med den nye lova får vi eit nytt verktøy som vi kan bruke i berekraftig forvaltning av havområda våre. Vi skal ta vare på og ta i bruk havet, seier fiskeri- og havminister, Bjørnar Skjæran.

Ifølgje Skjæran har nybrotsarbeidet med å lage næringsplanar allereie starta.

(©NPK)

Publisert: 28.06.2022 15:16

Sist oppdatert: 28.06.2022 15:18

Mer om