Havvind foto Øyvind Hagen Equinor
Illustrasjonsfoto: Øyvind Hagen/Equinor
Kort fortalt

Skal lage støykart til sjøs

Skal undersøke lyden frå havvindanlegg og skipstrafikk.

NPK
02.04.2024

(NPK): Forskingsprosjektet BlueEco skal finna ut kor mykje lyden frå havvindanlegg og skipstrafikk påverkar livet i havet.

– Det vil koma lyd frå bevegelsane til blada, generatorar, vibrasjonar i strukturane, anker eller festekjettingar. Og me veit svært lite om korleis desse lydane vil påverka økosystema dei skal plasserast i, seier Lise Doksæter Sivle ved Havforskingsinstituttet (HI) i ei nyheitsmelding.

Ho er leiar i det nye EU-prosjektet BlueEco som er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt der forskarar skal vurdera om det er og eventuelt redusera negativ påverknad frå lydkjeldene vindkraft til havs og skipstrafikk.

Lyd er viktig for mange av skapningane som lever i havet. Ikkje berre brukar dei det for å kommunisera, men også for å finna mat, orientera seg og halda seg unna fiendar.

– Her i Noreg skal me bruka to «havobservatorium», eit av dei plassert i Noregs fyrste havvindanlegg, Hywind Tampen i Nordsjøen, og eit anna, plassert utanfor Lofoten og Vesterålen, i nærleiken av hovudskipsleia, seier Doksæter Sivle.

– Dei er utstyrte med ekkolodd og hydrofonar, som me skal bruka til å finna ut av om artssamansetninga og nærværet av fisk og sjøpattedyr endrar seg med ulike lydbilde. Det vil i så fall vera ein indikasjon på at økosystema blir påverka.

Til slutt skal forskarane laga støykart over havbassenga i Europa og samanlikna dei med utbreiinga av dyra i havet.

(©NPK)

Publisert: 02.04.2024 10:00

Sist oppdatert: 02.04.2024 10:00

Mer om