Kort fortalt

Skal sjekke oppdrettstorsk

Forskarar skal sjå på kvaliteten.

25.10.2021

I vinter skal forskarar ved Nofima og restaurantbransjen finne ut om kvaliteten på oppdrettstorsk har vorte betre dei siste 15 åra.

Det går fram av ei pressemelding frå Nofima.

For vel ti år sidan var optimismen stor rundt torskeoppdrett, men låge prisar og andre utfordringar førte til at næringa forsvann. I alle desse åra har Nofima likevel drive torskeavlsprogrammet. I programmet har dei forska på og avla fram ein stamfisk som produserer rogn og yngel som blir seld til oppdrettarar. I tillegg er det eit privat selskap som driv med stamfisk og sal av yngel.

Dei siste åra har torskekvotane vore historisk høge, men det er forventa ein markant reduksjon dei næraste åra. Det gjer interessa for torskeoppdrett større. Ein annan faktor er at oppdrettarar kan tilby fersk torsk året rundt. Det tradisjonelle torskefisket går i stor grad føre seg på vinteren, noko som gjer at det er avgrensa tilgang på torsk om hausten.

– Samfunnsoppdraget vårt er å levere forskingsbasert kunnskap til næringane og derfor meiner vi det er viktig å bruke pengar på forsking innan kvalitet, økonomi og marknad for oppdrettstorsk. Forsking som vi kan formidle til torskeoppdrettarane og forvaltninga straks ho er klar, seier divisjonsdirektør Magnar Pedersen i pressemeldinga.

– Vi skal i første omgang teste oppdrettstorsken på restaurantar i Tromsø. Kokkar og kjøkkensjefar skal smake, la seg intervjue og i tillegg krysse av på skjema for smak, tekstur, lagringsevne og andre kvalitetsparametrar. Deretter samanliknar vi med ei tilsvarande undersøking gjort for 16–17 år sidan og ser korleis kvaliteten på, og oppfatninga av oppdrettstorsk eventuelt har utvikla seg, seier Heide.

Publisert: 25.10.2021 09:52

Sist oppdatert: 25.10.2021 09:53

Mer om