(NPK-NTB): Det er semje i budsjettforhandlingane mellom Ap, Sp og SV, ifølgje fleire medium.
Det skriv NRK og Nettavisen. Det var NRK som var først ute med nyheita.
Etter kva NTB erfarer diskuterer stortingsgruppene eit utkast til ei semje. Gruppene må stille seg bak avtalen før ei semje mellom partia er endeleg.
Ifølgje Nettavisen er det allereie varsla ein pressekonferanse klokka 10.15 i vandrehallen på Stortinget.
NRK skriv at semja inneber mellom anna 1,6 milliardar kroner meir til kommunane. Av dette skal 1,1 milliardar kroner gå til kommunane, medan 500 millionar kroner går til samferdsel i fylka.
Senterpartiets viktigaste krav i forhandlingane har vore å kutte matmoms frå 15 til 10 prosent, medan SV vil ha gratis barnehage for alle. Arbeidarpartiet har på si side vore oppteken av at pengebruken ikkje skulle aukast for mykje.
Forhandlingane starta i slutten av mai. For første gong i denne regjeringsperioden har Arbeidarpartiet måtta forhandle med både Sp og SV for å sikre fleirtal i Stortinget for budsjettet sitt.
Forhandlingane har vorte beskrivne som vanskelege, og Sp og SV har gitt uttrykk for frustrasjon over at Ap ikkje kom dei i møte. I løpet av det siste døgnet losna det likevel, ifølgje NRK. Partia hadde frist til i dag med å bli samde.
Noregspris har også vore på forhandlingsbordet. Fastprisavtalen kravde ei eiga lovendring, men dei auka kostnadene i år må også dekkjast inn i revidert nasjonalbudsjett. Arbeidarpartiet fekk måndag tilslutning frå Sp og SV på at ordninga skal innførast.
Publisert: 17.06.2025 09:41
Sist oppdatert: 17.06.2025 09:41





